Gå til innhald

Nyhende

Vedtak om midlar til postvegen

qrcode

Me har fått svar på søknad om midlar til å utbetre postvegen. Det er gjort vedtak om tilskot på 20000 for å utføre dei høgast prioriterte tiltaka me søkte om:

Vedtak

Nasjonalt postveiprosjekt gir dere et tilskudd på kr 20 000 for å utføre følgende tiltak:

Grøfting av vannskadet kleiv og eventuelle restmidler til skjøtsel i Stavdalen - tiltak 1 og 2 i søknad. Vestland fylkeskommune ønsker videre dialog når det gjelder tiltak 3 og 4.

Heile svarbrevet kan ein lese her.

Meir informasjon om dette prosjektet kan de finne her.

Oppstart sirkeltrening i Flekke

qrcode

Legg til i kalender

Tysdag 14. oktober kl. 19.00 startar Svint IL opp att med sirkeltrening på Flekke skule. Vi held på kvar tysdag og torsdag kl. 19.00 fram til påske.

Det er trening for kvinner og menn i alle aldrar. Nye som kjem til får ei kort rettleiing, og så tek alle det så hardt eller lett som ein vel sjølv. Vi held på ein liten time, med ein liten pause midt i. Talet på trimmarar har variert mellom 5 og 16 i alderen 13 til godt opp i 70 åra. Ingvard har oftast ansvaret og styrer musikk og tid, men når han ikkje er der, så har Eva eller Sverre teke ansvar.

Kom og sjå om dette er noko for deg.

Aktivitet i gymsalen

Grendedag med Liv og Lyst-møte

Torsdag 2. Oktober vert det grendedag med LivOGLyst-møte i ungdomshuset.

LivOGLyst-logo

qrcode

Legg til i kalender

Timeplan

  • 08:00 - 15:30 | Kontorope
  • 15:30 - 17:00 | Grendemiddag
  • 15:30 - ? | Playstation 5 på storskjerm
  • 17:00 - 18:30 | LivOGLyst-møte

Kontorope

Salen nede er open for kontorbruk for alle interesserte. Meld gjerne frå om du har tenkt å komme slik at me veit det er plass til alle. Meir info om kontorope, kan ein finne her.

Nytt av sumaren/hausten er at det er kome internett i Ungdomshuset, så det skulle no vere endå betre tilhøve for ei produktiv arbeidsøkt i bygget.

Grendemiddag

Det vert krema kyllingsupe med poteter og brød frå Delikatessen i Askvoll. Supa er glutenfri, men ikkje brødet.

Prisar med og utan medlemsskap i grendelaget:

Vaksne:             120/150,-
Born over 4 år:       40/50,-
Born under 4 år:          0,-

Meld deg på middagen ved å ta kontakt med Øystein på 99027336 eller skriv på fjesboksida vår. Supa er delvis sponsa med midlar frå LivOGLyst.

LivOGLyst-møte

Etter middagen vert det eit allmøte for bygdefolket, der formålet er å samle inn informasjon om kva me ynskjer skal skje i Flekke framover. Me har det siste året vore i eit forprosjekt med LivOGLyst, der tanken er at me skal engasjere bygdefolket til aktivitet, og planleggje fram mot eit hovedprosjekt der ein får 100 000 i året over tre år for gjennomføre det ein set seg føre.

Me vonar at bygdefolket har lyst å komme for å diskutere og planleggje saman med oss, slik at me får eit godt grunnlag å søkje hovedprosjekt.

Playstation 5 på storskjerm

  • I ungdomshuset, så står det ein diger skjerm.
  • Det har i det siste kome internett i bygget.
  • Ein sambygding har ein playstation 5 ståande som ikkje vert brukt så mykje.

Desse 3 punkta er utgangspunktet for at me ynskjer å lage til ei lita speleøkt for dei som er interesserte. Dette er eit tilbod som i utgangspunktet rettar seg mot ungdommen.

Brumateriale til Flekkestølen

Brumateriale

Flekke beitelag har fått midlar til å byggje ny bru på Flekkestølen.

Det er handla inn ein del materiale som no ligg rett ovanfor Sessane. Beitelaget ber om at dei som ynskjer å hjelpe til, tek med seg ein planke eller to på vegen til Flekkestølen og legg den på Flekkesida av elva, i god avstand i fall elva skulle fløyme over. Det vert muligens sett opp ein plakat/skilt ved hentehaugen og leveringsstaden.

Om det er spørsmål, så ta gjerne kontakt med:

  • Svante Hovland: 97044238
  • Leiv Jørgen Løseth: 99269871

Årsmøte for Grendalaget, Svint IL og Ungdomslaget

*** OPPDATERT ***

qrcode

Legg til i kalender

Det vert årsmøte for Ungdomslaget, Svint IL og Grendalaget Torsdag 27. Februar i ungdomshuset. Det vert enkel servering.

Tidsplan:

  • 18:00 - 18:45: Ungdomslaget
  • 18.45 - 19:30: Svint
  • 19:30 - 20:15: Grendalaget

Det er ikkje kome inn saker til Grendalaget, så det vert berre ordinære årsmøtesaker:

  • Opning ved leiar
  • Val av ordstyrar
  • Val av skrivar
  • Val av to til å skrive under møtebok
  • Godkjenning av innkalling
  • Godkjenning av saksliste
  • Årsmelding 2024
  • Rekneskap 2024
  • Årsplan 2025
  • Innkomne saker
  • Fastsetje medlemspengar
  • Budsjett 2025
  • Val

Det vert servert påsmurte rundstykker, frukt, kaffi og te.

Vel møtt til årsmøte!

Grendedag, infomøte om LivOGLyst

Onsdag 22. Januar vert det grendedag med middag og infomøte om LivOGLyst i ungdomshuset.

qrcode

Legg til i kalender

  • 08:00: Kontorope
  • 15.30: Me opnar for middagsgjestar
  • 16.00: Middagen er klar
  • 17.00: Informasjonsmøte om LivOGLyst

Kontorope

Salen nede er open for kontorbruk for alle interesserte. Meld gjerne frå om du har tenkt å komme slik at me veit det er plass til alle. Meir info om kontorope, kan ein finne her.

Grendemiddag

Solgunn lagar lasagne til oss, både vegetar og vanleg. Den vert servert med ein salat.

Prisar med og utan grendalagsmedlemsskap:

Vaksne:           120/150,-
Born over 4 år:     40/50,-
Born under 4 år:        0,-

Meld deg på middagen ved å ta kontakt med Solgunn på 47418373 eller skriv på fjesboksida vår.

Informasjonsmøte om LivOGLyst

Me søkte i haust om å få delta i LivOGLyst-programmet, og har fått invilga søknaden. LivOGLyst er tenkt å stimulere til lokal aktivitet bl.a. med tilbod om å delta i eit nettverk med andre deltakarar, samt ein del midlar til prosjektstyring mm.

Me ynskjer å informere byga om LivOGLyst, og håpar samtidig at me kan rekruttere fleire som har lyst å vere med.

Fartssoneutviding - oppdatering

qrcode

Me har tidlegare fått signal om at fylkeskommunen stør forslaget som me kom med i klaga til det fyrste svaret me fekk frå fylkeskommunen. No har me fått bekrefta at det tredje forlaget vårt, som foreslår å utvide 60-sona til forbi siste avkjørsla til høgre etter flekkeskiltet, er godteke av vegvesenet og at fylkeskommunen har fått beskjed om dette.

Svaret frå fylkeskommunen kan lastast ned her:

https://filer.flekke.org/Svar på førespurnad om ny vurdering av fartsgrense - fv. 57 - Flekke - Fjaler kommune.pdf

Oppstart sirkeltrening

Aktivitet i gymsalen

Oppstart Sirkeltrening på Flekke skule🏋‍♀️💪😁

Då er det tid for at sirkeltreninga på Flekke skule startar opp att.

  • Tysdagar og torsdagar kl. 19.00.
  • Første tysdag 15. oktober.

Her gjer du varierte øvingar i ditt tempo og etter kva du greier. Første gongen får du hjelp av ein erfaren, dersom du ynskjer det.

Det er ikkje så god spreiing i alder. Dei fleste er i 50-, 60- og 70åra, sjølv om vi har nokre spreke, yngre unntak. Men vi vil gjerne ha med fleire i alder 13 år og oppover.

Har du spørsmål? Send oss ei melding på facebook.